STOR ELV: Laurdag føremiddag ser Bøelva slik ut.

Straumen kan bli i borte fleire timar: – Me ber òg folk avgrense bruk av vatn

Fleire avlorlege feil på straumnettet, trefall og problem med vassforsyninga er status for Midt-Telemark laurdag føremiddag.

Publisert Sist oppdatert

Midt-Telemark kommune melder at kommunen har fått beskjed frå straumleverandøren Føre om at det er fleire alvorlege feil i det regionale straumnettet. 

– Straumen vil truleg vere borte i minst 2-3 timar til. Me følgjer situasjonen tett og er i jamleg dialog med Føre, opplyser kommunen rett før klokka 10.

Det er òg ein risiko for at mobilnettet kan falle ut i denne perioden. 

– Me minner derfor om oppmøtestader ved bortfall av mobildekning, slik at alle veit kvar dei skal møte opp dersom kommunikasjon via telefon ikkje er mogleg, heiter det frå kommunen.

Akutt helsehjelp kan ein søkje ved Bø sjukeheim, og treng ein hjelp av brann, redning og politi er oppmøtestader Bø brannstasjon og Gvarv brannstasjon

BEVERØYA: Slik såg det ut på Beverøya camping i dag tidleg.

Avgrensa vassforsyning

Det er utfordringar med nedblåste tre over fleire kommunale vegar, ifølgje kommunen.

– Det blir rydda fortløpande med tilgjengelege ressursar, blir det opplyseyt.

– Vassforsyninga er òg avgrensa grunna at me ikkje får pumpa vatn opp i høgdebassenga. Me ber derfor abonnentane om å avgrense vassforbruket til eit minimum fram til straumen er tilbake, er meldinga frå kommunen.

Nokre abonnentar mistar vassforsyninga direkte ved straumutfall. Desse kan hente vatn på brannstasjonane ved behov.

Kommunen oppmodar elles innbyggjarar til å:

* Følgje med på vérvarsel frå varsom.no

* Halde seg inne

* Sikre lause gjenstandar

MANNEBRU: Elva går høg ved Mannebru i Midt-Telemark.
Powered by Labrador CMS