
Her kan du kome viss du har akutt behov for hjelp under stormen
Treng du helse- eller annan naudhjelp, men kjem ikkje fram på telefon? Da er det nokre stader du kan møte opp.
Midt-Telemark kommune varsla natt til laurdag om at det kunne kome straumbrot og bortfall av telefon og internett, noko som har skjedd blant mange innbyggjarar laurdag morgon.
Når det blir straumbrot, mellom anna på grunn av tre som knekk og kjem i kontakt med straumnettet, kan det påverke mobil- og interenettekninga.
Kommunen melder derfor om at dersom det er innbyggjarar som har behov for å kontakte naudetatane og vanlege kommunikasjonsmiddel ikkje fungerer, kan ein oppsøke følgjande oppmøtestader for å få hjelp:
.
Annonse
Akutt helsehjelp:
* Bø sjukeheim
Brann- og redning og politi:
* Bø brannstasjon
* Gvarv brannstasjon