M
Smultringbaking er god næringsutvikling
Fleire stemmer skal inn i Bø blad. Derfor har me også i 2020 bedt fire gjesteskribentar om å sjå fritt på lokalsamfunnet. Alle har røter i Bø og Sauherad, tre bur her og ein ser bygdene utanfrå. Ellen Hageman er skribent og teolog, busett på Gvarv med utsikt til Lifjell.
Ein smultring, ein smultring, det er eit hol med mat omkring, som songen seier det så presist. Men ein smultring kan også vere ein økonomisk modell. Det skreiv eg litt om for fire veker sidan. Og sidan eg er blitt så gamal at eg kan forsvare å gjenta meg, så skal eg skrive meir om smultringar i dag.