SKATTEDIREKTØR: Nina Schanke Funnemark.
Andreas Vatnøy/Skatteetaten
Skattekort for 2024 er klart: Du bør sjekke om tala er rett
I dag blir 4,4 millionar skattekort sendt ut. Etter store renteauker er det viktig å sjekke skattekortet for 2024.
Frå i dag er skattekortet for 2024 klart. På skatteetaten.no kan ein sjekke og samanlikne tala med kva den enkelte forventar av inntekt og frådrag det komande året. Skatteetaten har berekna skattetrekket for 2024 ut frå tidlegare inntekt og frådrag. Viss tala ikkje stemmer, bør ein endre dei for å sikre at skattetrekket blir mest muleg riktig.