BRUK RESULTATA: Studentleiar Nora Rymoen Houidi meiner det er viktig at USN brukar resultata.
USN
Skårar godt i Bø: – Bra at studentane er fornøgde
Dei nest mest fornøgde bachelor-studentane til USN går i Bø, det viser Studiebarometeret. Ingeniørstudentane i Porsgrunn skårar ein tidel meir.
Resultata frå den nasjonale undersøkinga som ser på studiekvaliteten, Studiebarometeret, vart offentleggjort i dag, torsdag. Det viser at dei mest tilfredse bachelor-studentane ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) går på maskiningeniør i Porsgrunn. Men dei som kjem på andre plass tek bachelor i kulturleiing i Bø.