K
Seks timar direktesendt folkemusikk
Laurdag er det direktesendt folkemusikkonsert på nett. Då blir det slept kven som er nominert til Folkelarmprisen 2020 og fleire prisutdelingar.
Blant dei som er med på konserten er Mattis Kleppen og Ottar Kåsa. Dei spelar saman og åleine. Elles blir familien Westling, Kim Rysstad frå Stjernekamp, gruppa Sver, Bendik Qvam og fleire med. Bendik Qvam har elles nyleg gitt ut album og ein av musikarane han har med der er Gaute Lätt Furholt frå Bø.