SAMLA TIL BRYLLAUP: Heile familien samla til bryllaup. Frå venstre Britta Augdahl , Peter Augdahl, Roselyn Hanson Weber, Noah Weber, Maria Weber, Philip Weber, Annaliv Weber.
Privat
Roselyn fekk jobben – flyttar til Midt-Telemark frå Minnesota
Roselyn Hanson Weber (59) blir ny kantor i Bø kyrkje. Det betyr å flytte frå USA til Noreg, frå Minnesota til Midt-Telemark. For Roselyn og familien blir det å koma heim.
– Det er oppfylling av ein draum, seier Roselyn Hanson Weber på Facetime frå Chaska, litt utanfor Minneapolis, i staten Minnesota, USA.