ANAL KANAL: Andreas Bjørke Sollien, Jon Anders Krogh Eggen (med gitar), Andri Fannar Arnarson og Fredrik Oliver Lauritsen Kjølner.
A

Pønkeband frå Bø inntek Kroa laurdag

Laurdag har eit pønkeband frå Bø konsert med albumslepp på Studentkroa. Ni heimesnikra pønkelåtar kjem ut på kassett.

Publisert Sist oppdatert

Fire Bø-studentar frå Toten, Trøndelag, Tønsberg og Island har i Bø funne saman og danna pønkebandet «Anal Kanal». Laurdag trommar dei saman til konsert på Kroa i Bø og slepper samtidig debutalbumet sitt.
– Namnet kom opp som ein morosam kommentar av ei veninne av oss, seier talsmann Andreas Bjørke Sollien, og legg til at bandet spelar ein riffbasert og rocka variant av pønk med norske tekstar.
Bandet har spelt konsert på Bull Inn i mai i fjor og på fleire av Studentkroa sine open-scene-arrangement.
Sjølve musikken er spelt inn på hovudscena på Kroa og alt bortsett frå masteringa har dei gjort sjølv.
Han som er trommeslagar i bandet debuterte like godt bak trommesettet på bandets første konsert på open scene, utan nokon gong å ha spelt trommer.
– Musikken tek for seg studentlivet, og litt fyll og fanteri. Einaste fysiske utgjeving blir på kassett og det er ein sjarmerande og god tradisjon i pønkeundergrunnen, seier Bjørke Sollien.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS