Klar beskjed til utval:
GODE RÅD: Ketil Kiland kom med gode råd til dei som representerer eldre innbyggarar i Midt-Telemark.
Gro B. Røiland
– Pass på å få sakene fyrst. Det er for seint når dei er i formannskapet
– Pass på at de som Eldreråd kjem tidleg inn i prosessen og får saker som gjeld eldre fyrst. Det er for seint å kome inn når sakene er i formannskapet.
Det var eit av råda som Eldrerådet i Midt-Telemark fekk da dei i sist møte hadde besøk av vest-telemarkingen Ketil Kiland.