SOMMARVIKU PÅ EVJU BYGDETUN: Astrid Hofsrud Roe (t.h.) og Audhild Lindheim Kennedy lærte bort å lage tjukklefser for ungane på sommarleiren. FOTO: Øystein Akselberg
SOMMARVIKU PÅ EVJU BYGDETUN: Nes bygdekvinnelag viser korleis flatbrød skal lagast. FOTO: Øystein Akselberg
I REGNBOGEHAGEN: Denne gruppa storkosa seg i mathagen til Anna Verbelen. F.v. Anna Nikoline, Frida, Ester, Tobias, Anna Verbelen, Vetle og Tarjei. FOTO: Øystein Akselberg
TILBAKE TIL KJØKKENET: Etter endt oppdrag i mathagen ber det heim med grønsakene. FOTO: Øystein Akselberg
I MATHAGEN: Anna Verbelen og gardsungane ser på bilete og informasjon om mathagen. FOTO: Øystein Akselberg
LAGA TJUKKLEFSER: Rune Nilsen og Audhild Lindheim Kennedy i god sving med å lage lefser. FOTO: Øystein Akselberg
KJEVLA LEFSER: Mie Kristine Li Fosse (8,5) frå Hørte fekk eit godt tak på lefsekjevlinga. FOTO: Øystein Akselberg
FLATBRØD: Damer frå Nes bygdekvinnelag viste korleis flatbrød skal kjevlast ut. FOTO: Øystein Akselberg
SAMHANDLING: Marit D. Landsverk viste Erika Johanne Børstad (8) frå Akkerhaugen korleis flatbrød skal lagast. FOTO: Øystein Akselberg
MYKJE NYTT Å LÆRE: Josefine Ask (9) frå Gvarv fekk lære av Karen Vaaer. FOTO: Øystein Akselberg
GARDSARBEID: Alt arbeid blir delt på på sommarleiren. Her er Jorid Vale med to gardsgutane Tarjei og Vetle Lia. FOTO: Øystein Akselberg
MANGE AKTIVITETAR: Erika Johanne Børstad (8) og medhjelpar Tine Grove prøver å få orden på styltene. Det var ikkje så lett. FOTO: Øystein Akselberg
FELLES MÅLTID: Det blir dekka på til tre fellesmåltid kvar dag på sommarleiren. Hyggeleg dekka bord gjev god matlyst. FOTO: Øystein Akselberg
KUTTA OPP GRØNSAKER: Denne gjengen hadde stor arbeidslyst og var godt i gang med å lage til det som skal i suppa. F.v. rundt bordet Frida, Tobias, Anna Nikoline og Ester. FOTO: Øystein Akselberg
SOMMARVIKU PÅ EVJU: Godt med ivrige hender rundt bordet der tjukklefsene blei laga. Tru om det vanka smaksprøver undervegs? FOTO: Øystein Akselberg
MUSIKK PÅ EVJU: Johanna Seim og Marianna Sangita arrangerte både open scene og held konsert i låvebygningen. FOTO: Øystein Akselberg

På denne garden får ungane boltre seg i gamledagar

28 ungar frå Midt-Telemark avsluttar årets ferie med sommarleir til gards. Her får dei oppleve gardslivet slik det var for hundre år sidan.

Publisert Sist oppdatert

Sommarviku på Evju Bygdetun pågår denne veka. 28 ungar har i år fått plass på den populære sommarleiren som har tradisjonar på Evju bygdetun i 16 år. Det er som vanleg Jorid Vale som er primus motor og har rolle som ei aktiv gardskjerring med omsut for både ungar, gardsfolk og dyr.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS