Meining:

LOKALLAGSLEIAR: Bjørnar Nesje er leiar av Utdanningsforbundet Midt-Telemark.

– Svekking av lærartettleik er ikkje å satse på utdanning av høg kvalitet

Kjære ordførarar i Høgre!

Vi lokallagsleiarar i Utdanningsforbundet anerkjenner dei utfordringane som de belyser når det gjeld kommuneøkonomi. 

Vi kjenner godt til dei utfordringane både kommunane og våre medlemmar står i, kvar dag. 

Kommuneøkonomien utfordrar både politikarar og lærarane si moglegheit til å gi eit likeverdig utdanningstilbod i alle landets kommunar.

Likevel kan vi ikkje la vere å seie frå nå, når Høgre sine ordførarar frontar eit opprop der dei ønskjer å avskaffe lærarnorma på skulenivå, slik at kommunane sjølv kan prioritere kvar dei vil ha flest lærarar. 

Lærarnorma skal sikre eit gjennomsnittleg minimum av lærarar i forhold til talet på elevar på den enkelte skule. 

Mange trur at den regulerer talet på lærarar og elevar i dei faktiske klassane eller gruppene. Det gjer den ikkje!

Minstenorm for lærartettleik sikrar at alle elevar i heile Noreg får eit minimumstilbod, uansett kvar dei bur og kva for ein skule dei går på. 

Vi meiner at den er fleksibel nok. Skulane kan sjølv bruke lærarane slik dei har behov for innanfor 1.-4. trinn, 5.-7. trinn eller 8.-10. trinn. 

Minstenorma har vore med på å gi elevane fleire lærarar - det er bra. Tett oppfølging frå læraren er viktig for å kunne gi alle elevar eit best mogleg tilbod. 

Trass i dette melder mange av våre medlemmar om for store klasser og at dei slit med å følgje opp elevane på ein god måte. Dei ber om at minstenorma blir styrkt.

Ei svekking av dagens minstenorm for lærartettleik vil gjere det freistande å nytte høvet til innsparing og omprioritering av midlar. 

Vi har inga tru på at dette vil vere til det beste for elevane.

Kommunane står overfor utfordringar knytt til eldrebølgja og færre yrkesaktive per ikkje-yrkesaktive. 

Dette er utfordringar vi ikkje kan løyse om ikkje skulen blir sett i stand til å sikre at flest mogleg kjem i jobb. 

Lærarar og skuleleiarar veit ofte kva som skal til for å jamne ut sosioøkonomiske forskjellar og å få fleire ut i arbeidslivet, men manglar ressursane for å få det til. 

I desse valtider snakkar alle parti om korleis dei skal prioritere skulen, også Høgre. 

Høgre vil gjenreise lærarane sin status, sørgje for at elevane skal få tettare oppfølging og prioritere lesing, skriving og rekning. 

Kven ser dei for seg skal gjere jobben når dei no vil gjere endringar i minstenorm for lærartettleik, som potensielt kan føre til minst tusen færre lærarar? 

Utdanningsforbundet har medlemmar og lokallag i alle landets kommunar. 

Kvar dag går lærarar på jobb for å sikre elevane ei god utdanning og eit best mogleg utgangspunkt. Vårt unisone bodskap er: minstenorm for lærartettleik må haldast på skulenivå!

Powered by Labrador CMS