OPNAR KAFE: Jan Helge Sønstebø (bak) er glad for at Basel Majid og Christian Myhre vil opne kafe på senteret.
Unni Buverud
Nå opnar dei kafé også: – Me håpar å gjenskape noko av den gamle stemninga
Nyleg opna O´Learys på Sønstebøtunet. Nå vil eigarane også gje nytt liv til kaféen, til Jan Helge Sønstebø si store glede. Håpet er å gjenskape noko av atmosfæren frå Roxy.
Eigar av Sønstebøtunet, Jan Helge Sønstebø, fortel at mange har sakna kafé på tunet, og at det har vore etterspørsel etter det heilt sidan Roxy stengde døra sommaren 2019.