MEINING:

MEINING: Øystein Zahl Einarsen.

– Lifjellstua kan bety meir enn vi trur

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert Sist oppdatert

Det har den siste tida vore merksemd rundt planane om å etablere eit institusjons­tilbod for ungdom på Lifjellstua. Samtidig er mange opptekne av kva dette vil bety for Lifjellstua som serveringsstad, møteplass og ein viktig del av livet på Lifjell.

Eg ønskjer difor å vere open om at det er planlagt at eg skal vere institusjonsleiar dersom prosjektet blir realisert.

Eg skriv ikkje som ein nøytral observatør. Eg skriv fordi eg har tru på prosjektet, og fordi eg gjennom mange år i barnevernet har sett kor stort behovet er for gode tilbod til ungdomar med samansette utfordringar.

Samtidig har eg stor forståing for dei som ønskjer å ta vare på Lifjellstua som møteplass for hyttefolk, fastbuande og tilreisande.

Mange har kanskje eit bilete av barne­verns­institusjonar som noko ganske likt det som fanst for ti eller tjue år sidan. Slik er det ikkje lenger.

Institusjonsbarnevernet er inne i ei omfattande omstilling. Det er færre barn og ungdomar i institusjon enn før, men dei som kjem dit har ofte meir samansette utfordringar knytte til psykisk helse, traume, rusproblem og utanforskap.

Difor etterspør både Bufetat, fagmiljø og styresmakter nye og meir fleksible institusjonstilbod. Målet er ikkje større institusjonar, men mindre einingar som kan gi tettare oppfølging, stabile relasjonar og meir individuelt tilpassa hjelp. Det blir lagt større vekt på skule, arbeidstrening, meistring og deltaking i vanlege kvardagsarenaer.

Det er i dette lyset eg meiner vi bør sjå moglegheitene på Lifjellstua.

Her finst det allereie eit etablert anlegg med storkjøkken, samlingsrom, overnattingsrom og gode uteområde. Utan store inngrep i naturen kan eksisterande ressursar takast i bruk til eit viktig samfunnsoppdrag.

For mange av desse ungdomane er ikkje behandling åleine nok. Dei treng meistring, ansvar og erfaring frå vanleg arbeidsliv.

Difor er kombinasjonen av institusjon, arbeidstrening og aktiv drift så interes­sant. Kjøkken, servering og arrange­ment kan bli viktige læringsarenaer der ungdomane får erfaring, sjølvtillit og tru på eigne ressursar.

PÅ TOPPEN: Lifjellstua på Jønnbu 15. august 2010.

Det er òg viktig å understreke at vidare drift av kafé, servering, catering og arrangementsverksemd skal ivaretakast av Stefan Mayrhofer. Han har lang erfaring frå restaurantbransjen, mellom anna som kjøkkensjef ved restauranten på Dr. Holms Hotel på Geilo i om lag ti år, før han etablerte og utvikla Dalen Bistro.

Stefan har omfattande erfaring med å byggje opp og utvikle profesjonelle serveringsverksemder. Samtidig har han god innsikt i norske mattradisjonar og eit sterkt engasjement for kvalitet, vertskap og gode møteplassar.

Ambisjonen er ikkje berre å halde Lifjellstua i drift, men å vidareutvikle staden som serveringsstad, møteplass og samlingspunkt for hyttefolk, fastbuande og tilreisande.

Ei aktiv serveringsverksemd er også ein føresetnad for at ungdomane skal få reelle læringsplassar innan kjøkken- og serveringsfag. Skal dette fungere, må drifta ha eit visst omfang og aktivitets­nivå.

Målet er difor ikkje å redusere Lifjellstua til eit minimumstilbod, men å vidareføre og utvikle ei levande verksemd som både tek imot gjester og fungerer som lærings­arena.

Eg har stor forståing for at mange er opptekne av Lifjellstua si rolle på Lifjell. Nettopp difor meiner eg at dette ikkje handlar om eit val mellom ungdomane og Lifjellstua. I mine auge kan eit moderne institusjonstilbod og ei profesjonelt driven serveringsverksemd styrkje kvarandre.

For hytteeigarar, fastbuande og tilreisande skal Lifjellstua framleis vere ein stad å møtast. Folk skal framleis kunne samlast til selskap, arrangement, markeringar eller ein kaffikopp etter turen. Kjøkkenet skal vere aktivt. Serveringa skal vere levande. Aktiviteten skal vere der.

Vi veit at Noreg har behov for fleire gode institusjonstilbod for ungdomar med samansette behov. Vi veit at fagmiljøa etterlyser nye måtar å organisere slike tilbod på. Og vi veit at dei ungdomane dette handlar om, ikkje er statistikk eller sakspapir. Dei er unge menneske som treng tryggleik, meistring og framtidstru.

Kanskje kan Lifjellstua bli ein stad som både tek vare på ein viktig møteplass på Lifjell og samtidig gir nettopp dette til ungdomar som treng det aller mest.

Det meiner eg er ei moglegheit som fortener å bli vurdert med både klokskap og framtidstru.

Powered by Labrador CMS