TRILOGI: Per Anders Buen Garnås har spela konserttrilogien på seks stader rundt om i Sør-Noreg. Nå står heimkommunen for tur.
Gro B. Røiland
Nå kjem han endeleg heim med trilogien om Møllaren, Gibøen og Fykeruden
Hausten 2021 hadde Per Anders Buen Granås urframføring i Oslo av konserttrilogien om Møllarguten, Håvard Gibøen og Lars Fykerud. Nå kjem han heim til Midt-Telemark med konsertrekka.
Sundag 19. mars skal den fyrste av dei tre konsertane bli framført i Sjodar på Evju bygdetun. Trilogien startar med Møllarguten, til hausten kjem Per Anders tilbake til Sjodar med Håvard Gibøen og neste vår avsluttar han med Lars Fykerud.