MANGE VIL JOBBE HER: Administrasjonen ligg i Stasjonsgården 33 A i Bø.
Øystein Akselberg
Mange søkjarar på statleg rådgjevar-jobb i Bø
To rådgjevarjobbar i Foreldreutvalget for grunnopplæringen (FUG) er lyst ledige. Åtte har søkt på vikarjobben til Asbjørn Tolo, medan 19 har søkt på den faste jobben etter Jørgen Kåsa.
Sekretariatet til Foreldreutvalget for grunnopplæringen (FUG) har kontor i Stasjonsgården i Bø. To jobbar i FUG, begge med tittel rådgjevar/ seniorrådgjevar, har vore lyst ledige. Den eine er eit årsvikariat, den andre er lyst ut som fast stilling.