FUGLETELLING: Her ein vanleg situasjon frå ein foringsplass i byggjefelt i Breisås sist søndag. Tre individ og tre artar, alle av dei mest vanlege artane som er registrert i Midt-Telemark. F.v. kjøttmeis, pilfink og blåmeis.
Øystein Akselberg
Mange har telt fuglar i helga: 37 fugleartar er registrert i Midt-Telemark
I helgas hagefugltelling har 40 hageeigarar i Midt-Telemark kommune registrert 37 forskjellige fugleartar.
Den årlege hagefugltellinga gjekk av stabelen sist helg. Det er fortsatt mogleg å bli med, for den varar heilt fram til 5. februar 2023. Så langt har det kome inn rapport frå 40 hagar i Midt-Telemark kommune.