G
Kommunestyret endrar på valdagen
Etter å ha utsett saka fleire gonger har kommunestyret gjort eit nytt vedtak om valdagar i Midt-Telemark.
Midt-Telemark kommune har tidlegare vedteke å halde stortingsval til hausten på måndag 13. september. Valet i 2019 vart avvikla på ein måndag. Heilt på tampen, fredag før kommunestyret på måndag kom kommunedirektøren med ny innstilling. Då gjekk innstillinga på at ein også skal halde val på søndagen før den offisielle valdagen.