Mobiltelefon, Illustrasjonsfoto
Marta Kjøllesdal
I dag vil telefonen lage rabalder igjen – her får du vite korleis du kan unngå det
Klokka 12 i dag er det klart for ny test av naudvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile landet.
Varslingsprøva i dag gjeld heile landet. Klokka 12.00 testar Sivilforsvaret tyfonane med meldinga: Viktig melding – søk informasjon. Samtidig sender politiet naudvarselet på mobil.