17. MAI PÅ SKULANE: Hanne Frantzen (f.v.), Line Marielle Hoff, Kristin Ødegård Vestgarden og Janne Lia oppfordrar folk til å slutte opp om skulearrangementa på dei tre skulane i Bø, Folkestad og Gvarv på 17. mai.
Øystein Akselberg
I år blir det 17. mai-arrangement på tre skular i kommunen
– No er me skikkeleg klare for å ta feiringa av nasjonaldagen tilbake etter to år med pandemi. Me håpar at folk blir med oss og lagar ein flott festdag på dei tre skulearrangementa i kommunen.
Det seier leiar i 17. maikomitéen i Midt-Telemark kommune, Kristin Ødegård Vestgarden. Ho håpar at folk som er knytt til skulane skal slutte opp om dei tre skulearrangementa på nasjonaldagen. I år blir det nemleg 17. mai-arrangement på Bø skule, Folkestad skule og Gvarv skole. Med det blir ein ny og viktig tradisjon sett i gang.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp