Her blir det fart på sakene: Bilvraket fjerna til slutt
I dag blei eit av bygdas skjemmande bilvrak fjerna. Det var Odd Sunde som fekk fart på saka etter at Eivind Eckbo tok kontakt.
Eit stygt og nedslitt bilvrak har i mange år stått parkert og forlatt i kanten av den øvre parkeringsplassen ved Breisås studentheim i Bø. Bilen har stått ved skogkanten, på eit område like nedanfor Venåsvegen.