Har kort opningstid. Blomsterstemning i Bøgata har tilpassa drifta til Korona-tid. Alle er permittert bortsett frå ein av eigarane, Veslemøy Gundersen. Da Bø blad var innom var det gledeleg å sjå at det var tre kundar i kø i butikken. Foto Øystein Akselberg
Open butikk. På Sport 1 Glexe på Bøsenteret var butikksjef Hild Drtina Lønnestad og assisterande butikksjef Martin Tinholt på jobb tysdag. Dei opplever oppsving i sal av heimetreningsutstyr, tur- og joggesko og syklar i desse Korona-tidene.
Tre timar ope. Tysdag hadde Veslemøy Gundersen kø på Blomsterstemning da Bø blad var innom. Butikken merkar at det er vårteikn i bygda og at folk plantar ute i bed og krukker.
Stille på Sønstebøtunet. To butikkar er stengte, og tunets seks eigne butikkar er alle opne men har 18 permitterte tilsette.
Nesten halvparten stengt. På Bøsenteret er 15 butikkar opne og 12 stengt.
Gitter nede. Eit typisk Korona-tid-bilete med gitter nede midt på dagen. Fleire butikkar er stengt som følgje av nasjonale krav.
Nesten som normalt. Hjå nokre butikkar er kundebesøket nesten som vanleg. Damene på Vinmonopolet i Bø fortel om færre kundar, men at når dei først kjem så handlar ein litt ekstra.