GYGRESTOLEN: Turområde i Midt-Telemark som det er mykje turistpress på.
Øystein Akselberg
Fryktar at regjeringa sitt forslag kan gå ut over allemannsretten
I regjeringa sitt nye vegkart for reiselivsnæringa foreslår den at kommunane skal kunne innkreve lokale besøksbidrag. – Dette må ikkje gå ut over gratisprinsippet i naturen, åtvarar Norsk Friluftsliv.
Regjeringa har nyleg lansert eit nytt vegkart for reiselivet i Noreg. Eit av tiltaka som regjeringa foreslår er ei lokalt tilpassa løysing for besøksbidrag i kommunane, for eksempel i form av parkeringsbetaling og dagsbesøksavgift.
lansert eit nytt vegkart for reiselivet