HØGSPENT: Her er det straumbrot på ei høgspentline ved Koslung ved Akkerhaugen. Bildet er frå sist jul.
Føre AS
Fleire straumbrot – krevjande dag for montørane til Føre
Mange har opplevd straumbrot i løpet av dagen. Tre som knekk over høgspentliner og ein uheldig entreprenør er hovudårsakene. No etter lunsjtid har det vore Gvarv og områda langs Stranda frå Årnes og sørover som har vore berørt.
Beredskapsleiar og nettsjef i Føre AS, Erik Frikstad, seier nettselskapet har alle tilgjengelege montørar ute på arbeid med feilretting.