Flagg av konglar
Eit skinande, flott flagg i raudt, kvitt og blått er å sjå på gjerdet ved Bøhamna og Veslekroa barnehagar.
Sjølv om 17. mai i år ikkje blir den festen som ungane i barnehagen er vane med, har 17. mai og flagg vore tema i Veslekroa og Bøhamna barnehagar. I dagane fram mot 17. mai har dei sjølve laga eit flagg, og det på eit noko uvanleg vis.