Ny skule på Gvarv opna:

OPNINGSTALE: Elevrådsleiar Anne Vågen Bunkholt i 10A opna ny skule med snorklipping og nydeleg tale.
VELKOMMEN: Rektor Tine Kvilekval kunne endeleg ønske elevane velkommen.
FLAGGDAG: Fyrste skuledag i ny skule var ein dag å flagge for.
SPENTE: Det var mange spente fjes å sjå.
GRATULERTE: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland gratulerte elevar og tilsette med ny skule. – Den har de verkeleg fortent, sa ordføraren.
SMÅSKULEN: Elevane frå småskulen var med på opninga av skulebygget, som også dei skal inn i frå femte klasse.
SNORKLIPP: Elevrådsleiar Anne Vågen Bunkholt klipte snora og erklærte skulen for opna.
NY KVARDAG: Ungdomsskuleelevane på veg inn til ny skulekvardag.
EIGEN INNGANG: Tiande klassesteg på veg inn i nytt bygg for fyrste gong. Kvart trinn har eigen inngang.
10A: Klasse 10A har inntatt det nye klasserommet.
JUBEL: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland jublar saman med rektor og femteklassingane for ny skule.
BETRE KVARDAG: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland fekk helse på reinhaldarane på skulebesøket. Også dei får ein ny og betre kvardag med ny skule. F.v. Astrid Røstad Roheim, Anita Vassvik, San San Aye Htoo og Khalid Hameed.
SPISEROMMET: Elevane inspiserte spiserommet til lærarane.
OMVISNING: Torsdagen starta med omvisning i nybygget.
GRØN SOFA: Senterpartiordførar Siri Blichfeldt Dyrland likte seg godt i den grøne sofaen.
SKULEBIBLIOTEKET: Rektor Tine Kvilekval viser ordføraren skulebiblioteket.
PÅ TAMPEN: Anne Vågen Bunkholt og Kristian Nordlien, begge i 10A, er glade for at dei får oppleve den nye skulen før dei avsluttar grunnskulen.
HØGE DØRER: Femteklassingane syntest det var bra med eigne skap, men skapdørene var litt høge.
EIGNE SKAP: Lærar Tor Reidar Kristoffersen med femteklassingane Birgit Storkaas, Sofie Hellekås, Linnea Gravklev Lindheim, Marie Aanderaa, Frida Bø, Therese Ringsevja Slemmelid og Marie Askildt Langkaas. Eigne skap er eit nytt gode for elevane.

– Endeleg har dagen kome

– Endeleg har dagen kome. Dagen me alle har venta lenge på, sa elevrådsleiar Anne Vågen Bunkholt i 10A under opninga av nye Gvarv skole. Torsdag kunne elevane sleppe inn i nybygget for aller fyrste gong.

Publisert Sist oppdatert

Kven som var mest spent av elevar, lærarar og rektor, er uvisst. Sikkert er det at gleda og spenninga var skyhøg hos alle på skulen da nybygget endeleg kunne takast i bruk.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS