Har fått staseleg oppdrag:
HEIDERSOPPDRAG: Anne Guri Hegna Smeplass (t.v.) og Veslemøy Gundersen, butikkeigarane på Blomsterstemning, skal vere med som blomsterdekoratørar under ei spesiell hending.
Karianne Søfteland
– Dette er noko av det største me har fått vere med på
Fredag kan heile verda sjå blomsterkunsten til to dyktige dekoratørar frå Midt-Telemark.
Fredag 10. desember er det utdeling av Nobels fredspris 2021 i Oslo. Seremonien er på Oslo Rådhus, og to flinke damer frå Midt-Telemark skal vere med og dekorere rådhuset til festen.