SETT FRÅ LUFTA: Garden Midtbø.
Bø Museum, Widerøe
Denne garden har vore i same slekta i 200 år
Midtbø, gnr. 41, bnr. 2, ligg om lag 200 m sør for Bøelva. Midtbøhølen nedanfor Haugfoss i elva har namnet sitt etter garden. Og garden Midtbø fekk sitt noverende namn like etter år 1900. Det var Olav Jonsson som hadde tatt over garden i 1881, då faren døydde. Men då var han berre 7 år gamal, og mor og stefar dreiv garden til han kunne ta over sjølv. Det var Olav som gav garden namnet Midtbø, og tok i bruk det som familienamn. For før det var namnet Kåsa, først som husmannsplass under Fossheim, og frå 1820 som sjølvstendig bruk.