FEM SLAG: Lisa Dawn Aarnes og Even Skårberg Aarnes har fem eplesortar i hagen; Discovery, Summerred, Åkerø, Aroma og Rubinstep.
Gro B. Røiland
Da Lisa valde Even, måtte ho velje garden på kjøpet
– Vel du meg, så vel du også garden, sa Even til Lisa. Det skremde ikkje henne. Nå driv dei to fruktgarden på Årnes med eple og morellar.
Vakkert plassert med utsikt over Norsjø ligg Aarnes gard. Frå dei fyrste epla er mogne i august til det siste blir plukka i oktober, er det full fart med innhausting.