L
Byr på romjulstoner i to kyrkjer i Midt-Telemark
Johanne Møllerbråten og Sindre Bakkåker tek med seg både klassiske og meir moderne julesongar til to romjulskonsertar i Midt-Telemark i jula.
Dei to Midt-Telemarkingane Johanne Møllerbråten frå Gvarv og Sindre Bakkåker frå Bø tar med seg både band og romjulsmusikk og lagar til to kyrkjekonsertar på heimebane i romjula. Sundag 27. desember spelar dei i Sauherad kyrkje og dagen etter, måndag 28. desember, er det Bø kyrkje sin tur.