DØGNOPEN BUTIKK: Vincent´t Hart driv butikk saman med kona Tanja Sluijsmans.
Bø blad, arkiv
Ber om å få selje alkohol i sjølvbetjent butikk
Joker Nordagutu har søkt om å få selje øl og rusbrus i butikken som er sjølvbetjent. Det er heilt nytt i Midt-Telemark og mot kommunen sine skjenkereglar.
Joker Nordagutu er ein døgnopen daglegvarebutikk, og den er ikkje bemanna i deler av døgnet. No har butikken søkt om å få selje alkohol frå sjølvbetjente kasser, og det førte til debatt då saka var til behandling i formannskapet.