
Ber innbyggjarane førebu seg: – Flaum og ras er det me fryktar mest
Midt-Telemark kommune førebur seg på ekstremvêr i helga, og ber innbyggjarane om å sikre eigendelar og seg sjølv - og følgje med på vêret.
Meteorologisk institutt har sendt ut raudt farevarsel for regn og oransje farevarsel for flaum i vårt område. Varselet gjeld frå fredag kveld og gjennom laurdagen.
– Det er venta store mengder regn over tid, noko som kan føre til oversvømmingar, flaum i bekkar og elvar, og fare for jordskred, ifølgje Midt-Telemark kommune.
Mest bekymra for vatn
Varaordførar Bjørn Magne Langkås fortel til Bø blad at i vårt område er ein mest redd for den store mengda med regn som er meldt.
– Me fryktar mest vassmengdene som skal kome. Særleg i område med mange bekkar og elver. Bekkar gror att og kan ta nye løp når det kjem ekstreme mengder med regn. Det kan igjen føre til jortdras og skred på stader som kan vere utsett for dette, seier varaordføraren.
Midt-Telemark kommune blei hardt råka av to store flaumar i fjor, og Langkås opplyser at ein har lært ein del av dette. Kommunen har derfor førebudd seg på noko allereie.
– Me har jobba mykje med informasjon og oppfordringar til ulike grupper. Me har mellom anna klargjort store maskinar som kan gjere gravejobb der ein måtte trenge det, og bedt bønder om å rydde halmballar slik at dei ikkje reiser med elvene og dytter på bruer. Me har også bedt reiselivsaktørar om å be folk halde seg i ro. Me vil helst unngå ein leiteaksjon etter haustferiefolk i fjellet under stormen, seier Langkås.
Dette må du gjere
Kommunen ber innbyggjarane om å vere merksame på følgjande:
* Følgje med på vêrvarsel frå varsom.no
* Unngå ferdsel i område med fare for flaum eller ras
* Sikre eigendelar og kjellarar mot vassinntrenging
* Vise aktsemd i trafikken - det kan vere vatn på vegane og redusert sikt
* Rense stikkrenner og avløp slik at vatnet kan renne unna - overvatn vil førekome
Følgjer situiasjonen tett
Kommunen opplyser at den følgjer situasjonen tett og vil kome med oppdateringar.
Også Visit Bø har sendt ut åtvaring til sine samarbeidspartnarar og dei som driv med reiseliv.
Dei blir blant anne bedt om å informere gjester og besøkande om at det ikkje er tilrådd å leggje ut på fjellturar eller turar i skog og utmark desse dagane.
Kjem med konkrete råd
Fylkeskommunen førebur seg også. Dei ber innbyggjarar i heile Telemark om å følgje desse råda når uvêret kjem:
* Har du mulegheit, la bilen stå mens stormen herjar!
* Må du køyre? Ver oppmerksam på skader på veg og hindringar i vegbanen. Køyr forsiktig!
* Oppdagar du trafikkfarlege forhold, meld frå på telefonnummer 175!
* Vegar kan bli stengt på kort varsel. Hald deg oppdatert på vegvesen-appen eller 175.no.
* Ferjeavgangene kan bli innstilt på kort varsel. Følg med!
* Dårleg ver kan også påverke kollektivtrafikken. Ver tolmodig!
I ei melding frå fylkeskommunen blir det opplyst at ein førebur seg på uvêret ved å sjekke stikkrenner og kummar langs vegane i fylket.
– I tillegg plasserer me ut utstyr og maskinar på utvalde stader. Da kan me vere raskare på ballen for å reparere skader som oppstår. Me har folk på jobb heile døgnet, og er klare til å rykke ut viss noko skal skje. Det blir køyrt inspeksjon heile natta.