Arne Svalastog med «Skogens uro» på Sørlandsutstillinga
No kan du sjå biletkunst frå gvarvianaren Arne Svalastog på Sørlandsutsillinga. Der viser han tre fotografi frå serien «Skogens uro».
I 1991 var Arne Svalastog frå Gvarv for fyrste gong med på den årlege Sørlandsutstillinga. Der blir norsk samtidskunst frå ulike billetkunstarar frå Agder og Telemark vist. I år fekk han på ny mulrgheit til å vise fotografi han har teke i skogen utanfor garden og framkalla i det heimelaga mørkerommet. I møte med bileta trur han menneske kan relatere seg eller bli overraska.