ALLEMANNSRETTEN: Folk i Noreg har unik tilgang til naturen, slik som på Lifjell.
Øystein Akselberg
«Alle» i Noreg kjenner allemannsretten
Ei ny undersøking viser at dei fleste av oss kjenner til allemannsretten, men svara viser også at det er ein del misforståingar om kva reglar som gjeld.
– Allemannsretten er sjølve grunnlaget for friluftslivstradisjonen me held så godt i hevd i Noreg, og det er gledeleg å sjå at folk er medvite desse rettane. Samtidig ser me at nokre av føresegnene ikkje er så godt kjende. For å unngå konfliktar knytt til friluftsliv er det viktig med god kjennskap til kva allemannsretten inneber, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, i ei pressemelding.