SIDESPRANG:

FAST SPALTIST: Kine Lundefaret er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

– Ungdommen nå til dags

Publisert

Les følgjande sitat, og prøv å gjette når det er frå før du les vidare: 

«Ungdommen no til dags elskar luksus. Dei har dårlege manerar, foraktar autoritetar, viser ingen respekt for eldre og føretrekk sladder framfor arbeid.»

Sitatet blir ofte tillagt Sokrates, men stammar truleg frå filosofen Kenneth John Freeman si avhandling frå 1907, der han oppsummerer haldningar til ungdom i antikke tekstar.

Poenget er dette: Bekymringa for dei unge i samtida er like gammal som ho er aktuell. 

Det er med andre ord ikkje noko nytt at vaksne undrar seg over korleis det skal gå med ungdommen. 

Heller ikkje med dei unge i 2026. Dei kan jo verken ta i eit tak, svare autoritetar med respekt eller tole motstand, og dei klarer ikkje å lese lengre tekstar utan å miste fokus, skal vi tru stereotypien.

Men er dette basert på fakta eller kjensler? Har vi vaksne oppdatert forventningane våre i takt med tida? Er det generell framandfrykt og endringsmotstand, eller er bekymringane knytt til dagens unge berettiga?

Unge i dag har andre oppvekstvilkår enn tidlegare generasjonar. Dei veks opp med andre føresetnader: klimakrise, krig, pandemi, meir einsemd, økonomisk uro, og mobilen i lomma. Dei veks opp i eit raskare og meir eksponert samfunn, med større alvor.

Fast spaltist: Kine Lundefaret

Kine føler seg heldig som får jobbe kreativt i sykkelavstand frå huset sitt, som ho deler med ein mann og tvillingar på sju år. 

Ho har jobba ti år i TV 2, og bistår nå bedriftar med alt frå tekst til strategi som prosjektleiar og rådgjevar i marknadsføringsbyrået Superlativ. 

Ikkje at du spurde, men Midt-Telemark-favorittane hennar er surdeigsbrød frå Bø brød, bokanbefalingane til Heidi på Bø bok og papir, middag på Provence (eller i hagerestauranten på Lindheim når den er open), jålete kaffe frå Rast eller Husly og eit kaldt bad i Norsjø.

Sjølv om vi ofte møter våre eigne fordommar i møte med ungdom i dag, viser studiar at unge er meir opptekne av rettferd, berekraft og inkludering. 

Dei er mindre valdelege enn tidlegare generasjonar, drikk mindre alkohol og tek færre risikofylte val.

I barneoppdraginga anno 2026 står emosjonell validering og medvit sentralt. Nokre gonger kan ein få lyst til å seie at våre søte små berre må ta rennefart og skjerpe seg. 

Samstundes kan det at ein oppveksande generasjon lærer å setje ord på kjensler, og å gje rom for mangfald og inkludering, på sikt føre til vaksne med høgare empati og lågare toleranse for urett. 

Det gir meg håp.

Powered by Labrador CMS