LEIAR:

LYSE TIDER? Sjølv om me er i den lysaste tida på året, er det mange som slit med tunge tankar på denne årstida.

– 30 menneske har me mist til sjølvmord. Det er 30 for mange

Publisert Sist oppdatert

Mange trur at dei mørkaste tankane høyrer vinteren til. Statistikken fortel ei anna historie. Det er om våren og sommaren, når nettene er lyse og lokalsamfunnet blomstrar, at flest menneske vel å avslutte livet.

Når alt rundt oss smiler, blir kontrasten til det indre mørket endå råare. Einsemda blir tydelegare når alle andre samlar seg.

Derfor er det så viktig at me ikkje lar det vakre sommarvêret blinde oss. Me må tore å snakke om det vanskelege også nå, og me må halde fram med å sjå kvarandre – særleg dei som sit i skuggen av sommarlyset.

Å skrive om sjølvmord er noko av det vanskelegaste ein redaksjon kan gjere. I ei lita lokalavis er det enda meir krevjande – fordi me er tett på liva til folk i Midt-Telemark.

Me gjer det likevel, men med opne auge og varme hjarte. Ikkje for å riste i sensasjonar, men for å redde liv. Kvar einaste av oss som bur i Midt-Telemark tel – me betyr noko – i lokalsamfunnet, i omgangskretsen og i den inste sirkelen vår.

Sjølvmord har historisk sett vore prega av skam og blitt forteia. Det har blitt betre med åra, med større openheit og meir tabuknekking, men framleis er dette eit tema som er vanskeleg.

Viss lokalavisa kan vere med på å bryte tabu for å gjere det lettare for menneske i lokalsamfunnet å opne seg og setje ord på det som er vanskeleg, normaliserer me det å be om hjelp.

Skam gror ofte godt i mørket, openheit er eit verktøy som kan vere med og lyse opp dei mørkaste krokane.

Sjølvmord er alltid ei privat tragedie, der enkeltpersonar og deira næraste blir ramma, men det er òg eit samfunnsproblem. Det viser stigande tal på dei som vel å ta sitt eige liv. Det fortel også noko om folkehelse, det psykiske helsetilbodet i kommunen, einsemd og press som mange lever under.

Lokalavisa si oppgåve er å spegle samfunnet og sette søkjelys på ulike deler av det. Sjølvmord er dessverre ein del av verkelegheita vår. 30 menneske har me mist til sjølvmord dei siste 15 åra her me bur - i Midt-Telemark - det er 30 for mange.

Å skrive om dette handlar ikkje om å snoke i private tragediar, men òg om å diskutere dei strukturelle årsakene bak. Har Midt-Telemark kommune eit godt nok lågterskeltilbod, og klarar me å fange opp dei som slit? Korleis er behandlingstilbod og oppfølging av dei som er sjuke, og korleis kan fleire instansar, både private og offentlege, ta tak i denne utfordringa?

Det døyr langt fleire i sjølvmord enn i trafikken kvart år, men me snakkar langt mindre om det. Skal me få gjort noko med den dystre statistikken, krev det at lokalsamfunnet og lokalpolitikarane kjem på banen – og lokalavisa.

I vårt lokalsamfunn kjenner me naboane, skulane og arbeidsplassen, så det finst mulegheiter til å ta debatten ned frå nasjonal statistikk – som sjeldan rører hjarta på same måte som historiene til folk der me bur.

Me har alle eit ansvar for å sjå og ta vare på dei sårbare blant oss, og me som lokalavis kan vere med og skape ein trygg arena for dei vanskelege samtalane i vårt eige nærmiljø.

Me skal ikkje skrive om metodar eller dramatisere, men me kan skrive ansvarleg om håp, hjelp og fortelje viktige historier. Me kan også vere med og vise hjelpetilboda som finst lokalt, og fokusere på meistring.

Me har skrive om vanskeleg tema før, og nå på forsommaren vil me i ein artikkelserie sjå på sjølvmord.

Me skal også halde fram med å dekke dette feltet i framtida. Ikkje for å skape overskrifter, men fordi me bryr oss om dei som bur her. Kvar og ein av oss tel!

Treng du nokon å snakke med?

Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og kjensler heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing.

For barn og unge:

Her finn du fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper som kan vere til hjelp når du har det vanskeleg.

Powered by Labrador CMS