MEINING:

BØ SKULE: Nynorsk eller bokmål for elevane - det er spørsmålet.

– Ta vare på nynorsk skriftspråk

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert

Etter mi meining er det trist at ungdomen i dag stort sett vel bokmål som skriftspråk fordi nynorsk ikkje er populært.

Nynorsk er eit fargerikt språk som er mykje bruka i dikting og anna litteratur, og er ein del av vår kulturarv. Det er av stor verdi å kunne meistre bruk av nynorsk og vere fleirspråkleg. 

Påtrykket frå bokmål i massemedia og sosiale plattformer med meir, er så massivt at bokmålet blir lært nesten automatisk. Om ein vel nynorsk, går det greitt å snu over til bokmål når behovet melder seg. Skal du ein gang søkje på jobb i ein kommune som praktiserer nynorsk som skriftspråk, då kan det vere utruleg viktig å ha eit godt grunnlag i nynorsk.

Midt-Telemark kommune er ein tospråk­leg kommune. Tidlegare var Bø kommune rein nynorskkommune. Tospråkleg kom­mune trur eg kom etter kommunesaman­slåinga med Sauherad.

Heimesidene til kommunen er i dag på bokmål (det som eg har sett), og det same gjeld for brev/dokument frå kommunen. Denne praksisen er ikkje i samsvar med det som er vedteke.

Handelstanden og bankar, med fleire nyttar berre bokmål. Bit for bit fører denne praksisen til stort tap for nynorsken, vårt gamle landsmål.

Landsbygda taper stadig for påtrykket frå urbane område, og det er såleis ikkje rart at så mange i ung alder tek etter.

Eg vil skryte av Bø blad når det gjeld bruk av nynorsk skriftspråk. I nemnde avis av 29 oktober les eg at fleirtalet i formann­skapet, Ap, Sp og Frp gjekk inn for rådgjev­ande folkeavstemming om skulane i Bø-delen av kommunen skal halde fram med nynorsk som hovudmål eller byte til bokmål. 

Ut frå elevtala på dei som vel bokmål framfor nynorsk, er det grunn til å tru at ei folkeavstemming er i favør av bokmålet.

Eg håper at dei partia som vil ta vare på språkleg kulturarv i landsbygda Bø, stem­mer på å halde fram med å følgje dagens vedtektsfesta nynorskskular i Bø.

I den tospråklege kommunen elles gjeld det at målformene vert bruka balansert. Her må det skje ei skjerping.

Og så kan ein håpe på at nokon i det private næringsliv synest at det kan vere artig å nytte nynorsk i si marknadsføring. Kanskje vert det så populært at det fører til større inntekt.

Powered by Labrador CMS