Kronikk om frisklivssentralar, førebygging og livsstilsendring:

– Snipp, snapp, snute for folkehelseeventyret frisklivssentralane?
Frisklivssentralane har stor verdi for både enkeltpersoner og samfunnet, men stram kommuneøkonomi set tilbodet i spel!
Me ser dei utanfor kontorvindauga våre på USN campus Bø. Kvar veke kjem ei gruppe vaksne i joggesko og ledige klede gåande frå frisklivssentralens kontor på Gullbring, og opp til grøntområda mellom sandvolleyballbanane og friidrettsbanen. Dette er personar som ikkje har ambisjonar om gull og meisterskapstitlar, men der prestasjonane på trening er desto viktigare. Dei trenar for å få bukt med helseplager, for å få betre funksjonsnivå, og ikkje minst for å kjenne på betre livskvalitet.
Frisklivssentralen er ei kommunal helseteneste, oppretta nettopp med mål om å fremje fysisk og psykisk helse og å forebyggje eller bremse utvikling av sjukdom.
En ny rapport fra Helsedirektoratet syner at frisklivssentralane fungerer: Deltakarane rapporterer om betre fysisk og psykisk helse, og betre livskvalitet.
Men det spelar inga rolle kor vellukka frisklivssentralane er, når deira eksistens kvart einaste år er oppe til diskusjon i kommunens budsjettforhandlingar. All erfaring tilseier at så lenge ei teneste ikkje er lovfesta, så er den gjenstand for kontinuerlig diskusjon. Uforutsigbarheit og utryggheit slit ut dei dyktige tilsette, og fastlegar og NAV kan vegre seg for å henvise til ei teneste som plutseleg kan leggjast ned.

Lovfesting gir kontinuitet
Me meiner tida er inne for å satse: Noreg treng ei nasjonal styrking av frisklivssentralane gjennom ei lovfesting av tenester som gir stønad og rettleiing til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar. Det er også ein av konklusjonane i rapporten frå Helsedirektoratet. Samstudes løfter rapporten opp fleire viktige utviklingsområde, og her har me på Universitetet i Søraust-Noreg (USN) kompetanse til å bidra med løysingar. Med meir stabile rammer, tydeleg kompetanseutvikling og tettare kopling til forsking kan frisklivssentralane bli ein berebjelke i framtidas helse- og velferdstenester.
Me på USN har forskarar, utdanningstilbod og innovasjonsprosjekt som kan bidra til å dokumentere og utvikle effektive frisklivstiltak, styrke kompetansen hjå frisklivskoordinatorar og helsepersonell, og bidra til nye samarbeidsformer mellom kommune, frivilligheit og spesialisthelsetenesta.
Styrka samarbeid og kompetanse
Trening er ikkje berre medisin, det er også viktig psykososialt arbeid – særlig der treninga og aktiviteten skjer i grupper. Vårt pilotprosjekt med gåfotball for personer med demens er eit godt døme på det.
Frisklivssentralane får driftstilskot frå staten for å tilsette fysioterapeutar, og følgeleg prioriterer kommunen ofte den kompetansen. Sjølv om fysioterapeutar er veleigna til å drifte frisklivssentralar, er det behov for kompetanse som helse- og treningsfysiologer er spesialutdanna til å levere.
Helse- og treningsfysiologer er ekspertar på planlegging, tilrettelegging og evaluering av fysisk aktivitet for ulike kliniske grupper. Dei har spesialisert seg på friskperspektivet ved å fremmje ressursar, kompetanse og meistring gjennom aktivitet.

På vårt lokale campus her i Bø har me sidan 2013 hatt tett samarbeid med frisklivssentralen i kommunen. USN sitt varemerke som arbeidslivsrelevant og praksisnært universitet har ein føregangsmodell for samarbeid mellom lokal frisklivssentral og studentar i praksis, der studentane i periodar har bidrege med eitt ekstra årsverk inn i denne viktige kommunale tenesta. I framtidas helse- og velferdstenester er me avhengige av meir samarbeid med utdanningane av fagpersoner og personell. Som universitet har me eit særleg ansvar for å tilby utdanningar som er innretta slik kommunane treng.
Eit styrka samarbeid mellom frisklivssentralen og andre aktørar handlar som regel om samarbeidet med fastlegane, NAV og spesialisthelsetenesta. Me meiner det er viktig også å sjå det store potensialet det er i eit utvida samarbeid mellom frisklivssentralen og kultur-, idretts- og fritidssektoren i kommunen. Då kan sentralen fungere som ein brubyggar som koplar innbyggarane til meningsfulle aktivitetar der dei bur – og med det forsterke effekten av helsefagleg oppfølging.
Førebygging med gevinst

Frisklivssentralane er ein norsk suksesshistorie som bør vidareutviklast, ikkje nedprioriterast! Helseministeren var tydeleg i si Helsetale: Forebygging er heilt avgjerande for berekrafta i vår felles helseteneste. Men utan nasjonal finansiering og forskingsstøtte er det krevjande å byggje robuste tilbod. Behovet for å dreie meir av helsebudsjetta frå behandling og over til meir førebygging er sentralt i framtidas helse- og velferdsteneste, og frisklivssentralane er kjernetiltak for å få til ei slik dreiing.
Fram til ei lovfesting kjem på plass, vil me oppfordre alle kommunepolitikarar til å verne om lokale frisklivssentralar i haustens budsjettforhandlingar. Ved ei lovfesting bevegar me oss frå ord til handling, og eit tydeleg politisk signal om at førebygging er ei investering, ikkje ein kostnad. I følge Helsedirektoratets kalkulator for samfunnsøkonomisk gevinst vil Midt-Telemark kommune ha ei potensiell årleg innsparing på 4,3 millionar NOK i helsetenestekostnader dersom 100 midt-telemarkingar i alderen 40+ går frå å vera fysisk inaktive til å bli fysisk aktive. Gevinsten for enkeltindividets helse, funksjonsnivå, oppleving av tilhøyre og livskvalitet kan ikkje målast i pengar.