MEINING:

ORDFØRAR: Siri Blichfeldt Dyrland i Midt-Telemark kommune.

– Situasjonen knytt til råning og støy i sentrum skal opp som eiga tema­sak i kommune­styret

Dette er eit lesarinnlegg og uttrykker meininga til innsendaren.

Svar på lesarinnlegg: «Kultur og ukultur – og farleg plaging av folk»

Takk til innsendarar for at de tek opp uroa rundt støy i Bø sentrum. Utfordringane har pågått over tid, og vi i kommunen tek dette på alvor.

Situasjonen knytt til råning og støy i sentrum skal opp som eiga temasak i kommunestyret 3. november. Når vi førebur møtet, vil vi sjå breitt på saka, slik at ulike perspektiv kjem fram. 

Vi må lytte til moment frå fleire hald, frå bebuarar, politiet, næringslivet og Foreininga for motorinteresserte i Bø og omegn.

Vi ser òg på moglegheita for å gjennomføre støymåling i regi av miljøhygienisk avdeling på Notodden, slik at vi får eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for diskusjonen. 

Og det må vurderast å ha ei spørjeundersøking blant dei som held til i sentrum.

Målet vårt er å leggja til rette for ein ryddig prosess der alle berørte får kome til orde. 

På den måten kan vi saman finna løysingar som både tek omsyn til trivsel og tryggleik for bebuarar, og som samstundes gir rom for ungdomskultur og bilinteresser på ein ansvarleg måte.

Vi håpar mange vil følgje og bidra i denne prosessen fram mot temamøtet i november.

 

Powered by Labrador CMS