MEINING: Peder Simon Rekkedal.

– Regjering for framtida

Dette er eit meiningsinnlegg. Det uttrykker meininga til innsendaren.

BAKGRUNN

I ei uroleg verd, med krig nær oss, store utfordringar innanfor klima- og miljøsektoren, og med sterk vekst i økonomisk ulikskap mellom individ og mellom land, får vi utfordringar med å utforme ein politikk som løyser utfordringane på måtar som alle føler seg nøgde med. 

Med andre ord er situasjonen komplisert og meir konfliktskapande enn det vi er vane med. 

Vårt land er likevel i ein spesiell situasjon fordi vi trass alt har gjennom «trepart» samarbeid mellom Stat, arbeidstakarane og bedriftseigarane skapt eit meir samlande samfunn enn det vi finn i dei fleste andre land (vår ordning vert kalla «Den nordiske samfunnsmodellen»). 

Dessutan har Noreg valt å bruke ein stor del av våre inntekter frå oljesektoren til å bygge opp fond som i prinsippet skal vare evig, og elles hjelpe oss i vanskelege tider. 

Andre land som ikkje er så heldige, leitar etter løysingar for å møte dei utfordringane som dei står overfor. Då kan det bli freistande å ta til lettvinte løysingar som kanskje ikkje er gode på lengre sikt. 

Etter mitt syn har den nye politiske leiinga i USA valt lettvinte løysingar som har store konsekvensar både økonomisk og sosialt for folket. Nokre eksempel

  • Redusere skatten for bedrifter og for dei rike, i håp om at dei vil skape nye arbeidsplassar direkte eller indirekte.
  • Neglisjere forskingsbasert informasjon som viser våre utfordringar innanfor klimaendringar, naturmiljø og folkehelse.
  • Olje- og kullindustrien er lønnsam og dei får styre på eigne premissar.
  • Kaste ut framandarbeidarar og stenge grensene for flyktningar og innvandrarar.
  • Redusere og kutte løyvingar til bistand og hjelp til fattige folk og land.
  • Seier nei til, og melder seg ut av internasjonale organisasjonar
  • Kutte i helse- og sosialtenester også for folk i sitt eige land.

Steve Bannon, som var strategisk rådgjevar for Trump, gav følgjande råd for å få gjennomført tiltaka: Fyll media med skit (klaging). Fortel så folket korleis vi lett kan løyse problema ved å bruke dei tiltak som er skissert ovanfor! 

KORLEIS SER DET UT I NOREG I DAG 

Noreg er ikkje USA. Alle partia som stiller til val er stort sett samde om at den Nordiske velferdsmodellen er god, og vil hegne om dei sentrale tiltaka i den modellen. 

Men vi kranglar ofte om geografi, faglege spørsmål og hensiktsmessige løysingar innanfor fleire av områda. 

Det ser også ut som nokre av partia og politikarar vil bruke Trump sine løysingar på enkelte område. 

ANDRE FAKTORAR

  • I fleire år har Noreg lege på topp i FN sin indeks for utvikling og helse (HDI), vi lever lenge, har god utdanning, gode til å ta i bruk ny teknologi, gode helsetenester og eit trygt land å bu i.
  • Nordmenn er generelt sett ikkje sjukare enn andre, men vi har høgare sjukefråvær i arbeidslivet enn i andre land. Kjem det av at vi har verdas beste sjukelønnsordning?
  • Vi har likevel ein høg del av vår arbeidsstyrke i dagleg arbeid trass høgt sjukefråvær. Berre Nederland og Island er betre. 
  • Vi har vårt Oljefond som er felles eige.
  • Vi har låg arbeidsløyse.
  • Vårt brutto nasjonalprodukt pr.kap.er i verdstoppen, berre Irland som er eit skatteparadis, er betre.( OECD-tal)

Lista kan gjerast lengre og det viser at vi er eit av dei beste landa i verda å bu i.

MERKNADER OG TANKAR OM LØYSINGAR 

  • Eg har vanskar med å sjå at det er trong for å føre landet i ein heilt ny politisk retning slik FrP, Venstre og Høgre ynskjer.
  • Eg har vanskar med å forstå sanninga i alt som vert sagt om tilstanden i landet vårt (eg forstår at reell kjøpekraft har stått stille i fire år, men med 2,5 % inflasjon har også gjort at eit lån på 4 millionar kroner «rotnar» med 400 tusen på fire år. Det gir også, ein gevinst som bør reknast med).
  • Det vert hevda at flyktning og innvandring kostar omlag 34 milliardar kroner per år. Ja kanskje det i utgift på statsbudsjettet. Men det er ikkje heile reknestykket. Folketalet i vårt land har vakse frå 4,2 millionar i 1990 til 5,6 millionar no. Det var ved inngangen til 2024 931000 innvandrarar og 221000 etterkomarar etter innvandrar i landet. Det er 20,8 % av folketalet. (Kjelde Ki)
  • Hugs Noreg har eit flatemål som er større enn både Tyskland og Storbritannia, men sjølv med 1,15 million innvandrarar, tilsvarar vårt folk berre halvparten av dei som bur i London! Innvandrarane hjelper oss med å finansiere vår felles infrastruktur. Dei bidrar med langt meir enn det kostnadene over statsbudsjettet viser.
  • Eg forstår at familiar som har svak inntekt treng meir økonomisk hjelp, til bustad og livsopphald i vid forstand, enn det dei får i dag. Det trengs både arbeidsmarknadstiltak og kontantstøtte for å løyse denne utfordringa betre.
  • Eg forstår at næringslivet treng stabile rammevilkår for å kunne rekne ut vinning og tap for framtidige investeringar. Endringar som var gjort på kort tid, for å finansiere kortsiktige utfordringar, bør ikkje gjerast framtida.
  • Eg meiner at vårt samarbeid med Europa må byggje på EØS-avtalen. Den må ikkje seiast opp.
  • Vi bør sjå på nytt, på måten vi i dag skattlegg næringsliv og kapitaleigarar på. I den samanheng må vi også vurdere formuesskatten. Stoltenberg sin invitasjon til ein ny skattekommisjon bør støttast etter valet.
  • Vi bør takke dei politikarane som etablerte og har utvikla Oljefondet. (FrP var imot oppretting av fondet. Dei ville bruke pengane til skattelette.)
  • Vi må unngå å bruke for mykje av fondet, særleg om vi brukar av fondet for å gje skattelette, slik FrP tidlegare har foreslått. Det fører til inflasjon og høgare renter.
  • Vi må bruke av våre felles midlar til å finne løysingar som hindrar utslepp av klimagassar og finne nye energikjelder. (Lagring av CO2 i sokkelen. Fangst av CO2. Havvind m.m ). Eg forstår det slik at no er vi i stand til å fange og lagre CO2 frå sementfabrikken i Brevik. Det blir for lettvint å seie at næringslivet skal løyse desse utfordringane åleine.

KONKLUSJON

Dei utfordringar vi står overfor, meiner eg kan best løysast i regi av ei sentrum-venstre regjering. Det vil skape stabilitet for framtida. 

Eg kjenner meg også trygg på at partia på den sida vert samde om å løyse dei hovudutfordringane (Klima- og miljø og økonomisk ulikskap) eg har nemnt innleiingsvis, på ein god måte. 

Eg stolar meir på Støre, Stoltenberg og Bart Eide og co, enn på Listhaug og co, når dei store oppgåvene skal løysast. 

Resten av politikken dreier seg for det meste om delmål og strategiar, som det er ulike meiningar om.

Godt val.

Powered by Labrador CMS