Meining:

MEINING: Peter Fjågesund

– Planeten vår brenn frå minst to kantar, med krig og miljøkrise

Framstegspartia eller framtidspartiet? Eller sagt meir direkte: Kvifor MDG i desse tider? .

Publisert Sist oppdatert

I Noreg er det politiske miljøet i hovudsak samla i spørsmålet om krigen i Ukraina. Heller ikkje krigen på Gaza ser ut til å utgjere ein avgjerande partipolitisk skilnad for mange veljarar. 

Men når det gjeld miljøkrisa, som så langt har fått sjokkerande lite merksemd i valkampen, er skilnadene store og tydelege. 

Det er som om alle dei store partia pustar letta ut over at dei har lykkast med å parkere miljødebatten på eit sidespor. 

Men som i alle val, er det framtida det til sjuande og sist handlar om, ikkje bare for oss, men for dei som kjem etter oss, om ti, femti og hundre år. 

Dette er perspektivet til MDG: ikkje fyrst og fremst framsteget, i form av mindre skatt, fleire og større vegar, fleire hyttetomter, fleire snauhogstar, fleire grisar i grisefjøsa, meir oppdrettslaks og gruveslam i fjordane, meir fridom til å gjera akkurat som ein vil, kort sagt auka vekst og høgare fart på alle hjul, slik det store fleirtalet av norske politikarar er samde om. 

MDG prøver så langt det er mogeleg å sjå litt lenger fram.

Og med omsyn til miljøutfordringane står faktisk mykje på spel i dette valet. 

Det vi veit heilt sikkert er at ein blå valsiger vil gje oss ei tydeleg mørkeblå regjering. Høgresida har to statsministerkandidatar. 

Den eine er Erna Solberg, som på ein god dag kan få seg til å seie eit par velvalde ord om både miljø og klima, men som lener seg tungt tilbake i godstolen så fort det luktar av handling. Ho har heilt andre prioriteringar. 

Den andre er Sylvi Listhaug, frå det langt større og tyngre Framstegspartiet, og ingen skal tvile på at ho meiner alvor: Med politisk makt har ho sagt klart ifrå om at ho ikkje bare vil nullstille miljøpolitikken; ho vil reversere den. Kronprinsen hennar, Simen Velle, har eit enkelt slagord: «Drill, baby, drill.» 

Framsteg er altså lik revers. Med ei regjering frå høgresida, uavhengig av statsminister, er vi garantert ei kursendring som vil merkast. Og Venstre som ein garantist for ei miljøsatsing i spann med eit dobla FrP er ein tragisk illusjon.

Men kor mykje betre er venstresida? 

Akkurat så mykje betre at eg er samd med MDG sitt val av side. 

Arbeiderpartiet har lite å skryte av i miljøsaka, men med eit MDG over sperregrensa er det stor sjanse for at det politiske landskapet vil sjå heilt annleis ut enn om dette målet ikkje vert nådd. 

Ei stemme til MDG kan vere avgjerande for eit fleirtal på venstresida, ein garanti for at miljøomsyn vil vege tungt i vedtak som gjeld framtida vår, og ikkje minst vil den bremse den høgredreiinga som vi ser døme på i kvar nyheitssending. 

Og dessutan: Ei stemme for framtida er langt sikrare enn ei stemme for framsteget.

 

Powered by Labrador CMS