Meining:

HYTTE I SKJUL: Ei av hyttene som motstandsmannen Fennefoss gøymde seg i. Den låg på sørsida av Hellekåsfjellet, i Kjerringstuldalen i Breisås.

– Nokon har kjempa for fridomen vår - har du eit norsk flagg, så heng det opp 8. mai

Publisert Sist oppdatert

I anledning at det er 80 år sidan frigjerings­dagen 8. mai 1945, har eg lyst å heidre dei kvinner og menn som dreiv med aktiv motstand mot okkupasjonsmakta i 1940-45.

Ein av mine lokale heltar er Torstein Fennefoss. Familien hans budde på Svenseid på 1930-talet, og dei eigde skog oppover Breisås og Hellekåsfjellet. Der sette han opp ei lita hytte på 30-talet som står der den dag i dag.

Familien Fennefoss flytta til Ski i Nordre Follo, og budde der under krigen. Torstein Fennefoss blei ein aktiv motstandsmann i Milorg, og var sjef for rundt 3000 personar i Milorg Nordre Follo.

Da tida var inne for å gå i dekning nokre dagar eller veker, tok han toget til Telemark. Han hoppa av taket til toget like etter Gvarv stasjon, og gjekk over Breisås, forbi Raumyrane og ned til hytta ved Hellekåsfjellet. 

Det var fleire angivarar i Bø og Svenseid, så dette var den sikraste måten å ikkje bli oppdaga på. 

HYTTE I BREISÅS: Denne hytta tilhøyrte Norheimsgardane.

Han passerte nok hytta til Norheimsgardane, som også ligg rett nedanfor Raumyrane. Den blei visstnok også brukt av motstandsfolk under krigen. Den er dessverre til nedfalls i dag. 

Vi er inne i friluftslivets år, så ein kan gjerne leggje turen innom desse hyttene som ennå står, og sende nokre tankar til dei tapre menn og kvinner som kjempa for eit fritt Noreg. Om ein startar turen frå Børte eller byggefeltet i Breisås, så får ein med seg både Børtehytta og Holmtjønn i same slengen. 

VIKTIG MINNE: Befrielsesflagget frå 1945.

I mai 1945 blei det trykt opp og selt ein plakat som fekk namnet Befrielsesflagget. Trykkeria i Stavanger trykte opp 12.000 til å begynne med, men stor etterspørsel gjorde at dei trykte opp mot 200.000 til. Det kosta 5 kroner per flagg. Om flagget fann vegen til Telemark og Bø veit eg ikkje, men har du eit norsk flagg så heng det gjerne opp torsdag 8. mai.

Powered by Labrador CMS