Sidesprang:

– Mykje av dagleglivet er avhengig av appar på smarttelefonen. Kor smart er det?
Nokre dagar før påske oppdaga eg at den smarte mobiltelefonen min ikkje tok lading. Sju prosent igjen, om kort tid ville eg vere utan mobil.
Etter ei innleiande, udefinert panikkarta kjensle, endra det seg til ein «dette-er-jo-ein-moglegheit»-tanke.
Nokre dagar utan stadig sjekk av nettaviser, Yr, jakt etter gode Finn-tilbod, for ikkje å snakke om surfing på sosiale medium, det ville eg berre ha godt av.
Eg leita fram den gamle klapp-telefonen frå 1990-talet, sette inn SIM-kortet og eg hadde SMS, ringjemoglegheiter og ikkje minst, klassikaren orm innan rekkjevidde. Den smarte telefonen vart pakka inn og send til verkstad for reparasjon. Påska stod for døra og ho skulle nytast i det fulle - utan surfing på telefonen.
Utfordringa var at påskedagane enno ikkje hadde sett inn, og det var ein del ting å ordne.
Dagen før hadde eg fått melding om ei pakke som kunne hentast i boksane på senteret. Og no hadde eg ikkje tilgang til Posten-appen! Slapp av, tenkte eg, den pakken ligg der også etter påske.
Men eg måtte innom jobbmailen for å svare ut nokre meldingar. Forsøket stoppa då eg ikkje kunne stadfeste innlogging med to-trinnfaktorisering. Same problem oppstod då eg ville logge meg inn i banken.
Det gode gamle skrapekortet med kodar hadde eg for lengst kasta, ID-en var på den smarte mobilen. Vipps var også utelukka, klapp-telefonen min hadde jo ikkje den appen, eller andre appar for den saks skuld.
Ok, tenkte eg, det får gå. Eg trong ikkje (kunne ikkje) forhalde meg til jobbmailen, og kva skulle eg i banken å gjere like før påske? Den skulle nytast utan tilgang til den smarte telefonen min. Slik vart det, og påska var fin.
Eg hadde vore utan i berre ei veke då den smarte telefonen vart levert på døra (eg hadde sjølvsagt meldt (via e-post på PC), at ho for all del ikkje måtte leverast i ein pakkeboks).
Eg kopla til, og ja, den lada. Eg la inn SIM-kort og logga inn på nytt i alle appar, ikkje minst bank-ID på mobil, hovudnøkkelen for å logga inn i bank, Vipps og dei fleste offentlege nettstader.
Eg var tilbake, ja, det var slik det kjendest. Det hadde fungert fint å vera utan tilgang når "ingen ting" måtte gjerast, og eg kunne sikkert hatt det slik alltid. Men det blir umogleg i ei vanleg veke, for mykje av dagleglivet er avhengig av appar på den smarte telefonen. Og kor smart er eigentleg det?