MEINING:

MIDT-TELEMARK: Bø skule, inngang Gygrestolen.

– Me har ikkje råd til kutt i skulen

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Bakgrunnen for innspela FAU sendte til formannskapet og kommunestyret er at situasjonen ved skulane er alvorleg: https://www.boblad.no/meining/korleis-kan-alle-kutta-ved-skulane-vare-vere-forsvarleg/385483 .

Vi veit det er ein krevjande jobb å lande budsjett for Midt-Telemark kommune, men vi ventar at politikarane tar innspela alvorleg. 

Vi håpar alle på at økonomien er betre om nokre år, men i grunnskulesamanheng der ein veit at tidleg innsats på 1.-4. trinn er avgjerande for den vidare utviklinga, er det ikkje råd til å vente på betre tider.

Vi sette stor pris på at formannskapet kom ut i pausa si og lytta til oss under markeringa på Bø torg. Likevel blei det dessverre ikkje ein reell diskusjon av utfordringane FAU hadde delt i formannskapsmøtet etterpå. 

Ordføraren stilte oppvekstsjefen spørsmål om drifta ved skulane er forsvarleg og fekk i svar tilbake at drifta er det. 

Men både regelverk og formål for opplæringa har mange nyansar som bør kome fram i ei vurdering av om drifta i skulen er forsvarleg. Kontante svar på dette området bør ikkje gi grunn til å slå seg til ro. 

Det stoggar iallfall ikkje bekymringa vår.

I rapporten som følgjer med økonomiplanen for Midt-Telemark dei komande åra blir det gjort opp status for skulesektoren, og her er det lista opp fleire punkt som krev meir ressursar.

Det står oppført her at det er vanskeleg å rekruttere fleire lærarar. Ein krevjande situasjon uavhengig av kutt. 

Bekymringa vår byggjer på vurderingane her, men også på kjennskap til korleis det er å skulle utføre lærarjobben ved skulane i dag. 

Situasjonen vi delte i innspela våre er ikkje anekdotar for kva konsekvensar framtidige kutt kan få, men er slik det er i grunnskulen i dag.

Om skuledrifta er forsvarleg er eit politisk spørsmål ein må sjå i samanheng med dei reelle utfordringane ein har i Midt-Telemark. 

Det er samanhengar mellom manglande ferdigheiter på grunnskulenivå og fråfall i skulen og seinare arbeidsløyse. Tidleg innsats i grunnskulen er avgjerande for å motverke ei slik negativ utvikling. Blir dette tatt på alvor?

Jamfør opplæringslova må kommunen sørge for at skulen vurderer om det er elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving og rekning og sikre at elevar som treng det får intensiv opplæring slik at dei oppnår forventa progresjon. 

Slike vurderingar er ein integrert del av opplæringa, men det er avhengig av rammer som gjer det mogleg for lærarane å fange opp dei som treng ekstra hjelp og støtte. 

Færre lærarar per elev og arbeidsforhold som tærar på dei dyktige lærarane vi har er steg i feil retning og kan koste oss dyrt. Invester i framtida – skjerm skulen!

Powered by Labrador CMS