Meining:

Åslaug Sem-Jacobsen, stortingsrepresentant (Sp) og medlem av Familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

– Me har gitt barnefamiliar billegare barnehage. Nå må dei få meir fleksibilitet.

Publisert

For mange småbarnsforeldre handlar kvardagen om å få kabalen til å gå opp. Og for mange er barnehageplass hovudnøkkelen. 

Senterpartiet har derfor vore ein viktig pådrivar for å gjere barnehagetilbodet betre - også økonomisk. 

 I regjering fekk me gjennomslag for ideen vår om redusert makspris i barnehagen, noko som utgjer mellom 1000 og 1500 kroner lågare barnehageutgifter per månad for mange familiar. Det merkast betydeleg i lommeboka - spesielt i ei tid der prisane på mykje anna har auka. 

Dette er god fordelingspolitikk og eit viktig tiltak for likare moglegheiter for alle barn.

Men eit forbetra barnehagetilbod kan det bli endå betre om me er viljuge til å bruke pengar på å møte barnefamiliar med meir fleksibilitet også. 

Senterpartiet ønskjer fleksibelt opptak i barnehage og har vedteke det i vårt nye partiprogram. Det trengst, slik at familiar som flyttar, får barn midt på året eller vil raskare tilbake i arbeid ikkje må vente til august før dei får ein plass. Det er eit viktig grep for å gjere barnehagen meir tilpassa folks liv - og ikkje motsett. Og det vil vere eit viktig grep for å sikre at færre tek ut ulønt permisjon for å få hjula til å gå rundt. 

Me veit at barnehagen er ein viktig arena for barns utvikling, og Senterpartiet meiner alle barn skal ha ein så trygg og god start på livet som mogleg - uavhengig av når på året dei treng ein plass.

Og når me alltid kjempar så hardt for at me skal ta heile landet i bruk, meiner me òg med det at me vil gjere kvardagen enklare for folk så dei kan bruke tida si best mogleg til nytte for seg, familien og samfunnet. Uansett kvar i landet dei bur. 

Difor vil me fortsette kampen for ein barnehage som er både tilgjengeleg, rimeleg og fleksibel. Eit Kinderegg me dessverre har få andre parti med oss på. 

 

 

Powered by Labrador CMS