MEINING:

MEINING: Stine Bitustøyl Askje er landskapsarkitekt, har flytta heim att og har meiningar om Bø sentrum.

– Kva for eit sentrum skal me ha i Bø?

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

I 2025 vart eg bøhering igjen, og set pris på heimplassen min på ein ny måte enn før. Den korte vegen til fjellet. At folk helsar på kvarandre. Eit oversikteleg miljø for borna.

Eg saknar ikkje Oslo - forutan mine kollegaer - for Bø har alt; eit universitet som fyller bygda med folk, ein stabil sentrumsring, turisme året rundt samt nærleik til fjell og skog. 

Samspelet mellom det stabile bygdelivet og det flyktige studentmiljøet, kulturarrangement og turisme gjer Bø til ein attraktiv stad for mange. Avstandane er korte – mellom kvardag og opplevingar, og mellom gata og fjellet. Det er ikkje rart me snakkar med stoltheit om Bø til andre!

Som sjølvutnemnd bøhering set eg pris på både kulturtilbod, butikkar, Lifjell og folka her. Som landskapsarkitekt ser eg eit stort forbetringspotensial for sentrum.

Å besøke Bø sentrum er ikkje ei oppleving i seg sjølv. Deler av gata er oppgradert med skifermurer og smågatestein. Men det er dei store asfaltflatene og fasadane som vender ryggen mot sentrumslivet som pregar gata. 

Kvifor er det slik? Når var det me let bilen bli sentrumsutviklar?

Med ein strekning på 1,1 km er sentrum kompakt nok til at det ligg til rette for å gå. Når folk går, blir dei naturleg verande lengre i sentrum. Dei kikkar inn butikkvindauga, noko som fører til både handling og sosialisering. Kva om borna fekk ein større plass i sentrumsbildet? Hadde det kome fleire folk hit då? Ville ein leikeplass mellom biblioteket og Esso vore attraktivt?

Trikset for halde på folk lengre i sentrum er å legge til rette for opphald; meir grønt, plass til å leike og plass til å møtast.

VIKTIG ELEMENT: Attraktive leikeplassar held folk lengre i sentrum, meiner meiner artikkelforfattaren

Om sentrum hadde blitt planlagt i dag, ville oppgåva vore stilt slik; 

«Bø skal legge til rette for funksjonelle og robuste plassar til folk som både bur og besøker bygda. Byggverk skal ta utgangspunkt i lokal byggeskikk og forhalde seg til eksisterande skala. Torg og gater skal invitere til opphald, og vera så attraktive at folk blir verande lengre enn planlagt. Knutepunkt skal bindast saman med hyggelege og trygge vandreruter. Lortebekk skal løftast fram som ei blå perle i sentrumsbildet. Fleire små torg skal ligge som et perlekjede langs hovudgata, med tydelege forbindelsar mot både parken og landskapet rundt.»

I dag ligg mykje av bebyggelsen som separate øyer i eit hav av asfalt. Både veg og parkering har fått mykje plass i sentrumsbildet, medan dei gåande ofte må finne vegen mellom bilane. Men nettopp her ligg moglegheita: hovudstrukturane i Bø finst allereie – den treng berre å bli løfta fram.

Tenk om gata la meir til rette for gåande. Der gata og fasadane utfylte kvarandre. Der parkeringsareala måtte vike for gatelivet, og der butikklokala på gateplan trakk seg ut på fortaua; fylt med stolar og bord til uteservering, stativ med klede, bøker og nips, med plantekasser fulle av duftande staudar og behagelege benkar. Der sentrum vart ein stad der ungane kunne møtast for å leike, der studentane kunne henge i parken, der folk kunne setje seg ned utan å måtte handle noko fyrst. Der me fekk ei gate som speglar identiteten – eit levande bygdesamfunn med røter i turisme, kultur og natur.

Kva om identiteten til Bø kom til uttrykk i fysiske element – noko ein kunne sjå, ta på og oppleve? Ei gate som turistar minnes. Dei store asfaltflatene kunne brytas opp og blitt erstatta av naturstein eller vegetasjon for å gje meir variasjon og lokal tilknyting. Sittebenker kunne tatt utgangspunkt i lokalt trevirke og handverk for å gje karakter til gata. Vegetasjonen kunne spegla kulturlandskapet rundt. Med frukttre som gjev blomstring om våren og frukt på hausten, og prydgras som vaier i vinden og mjuker opp det stramme. 

For å framheve dei kulturelle spora i bygda kunne me henta inspirasjon frå rosemåling og bunadssaum, som kom til uttrykk i form av mønster i belegningsstein, fargar på utemøblar eller grafiske mønster på skilt.

Ser ein på kartet, finst det allereie to tydelege strukturar i sentrum: ein urban akse frå stasjonen via rundkøyringa og opp til ungdomsskulen – den såkalla rånestripa - og ein grøn akse frå hotellet og bort til Heradshuset og Bø senteret. (diagram)

Kva om punktet der aksane kryssast danna eit nytt torg. Ein møteplass med trerekker, sitteplassar og plass til Bondens marknad. Eit torg som knyter sentrum tettare til parken enn i dag – og gjer det naturleg å bruke begge. 

BØ SENTRUM: Diagram over Bø sentrum og korleis ein kan lage "trivselsaksar".

Ein sentrumspark med fullt av sitteplassar ned mot bekken, med iskiosk eller pølsebu for svoltne små mager, sklier i skråninga for dei tøffe og ei lita hytte i skogkanten for dei fantasifulle.

Ved å styrke forbindelsen mellom sentrum og parken kan Bø få noko som nesten liknar ei sentrumssløyfe – ei runde som bind saman Gullbring, universitetet, handelsstanden og parken. Kanskje ein kunne utvikla turstien langs bekken til å knytte seg frå Bøsenteret og heilt opp til Universitetet?

Ei slik sløyfe kan bli ein viktig identitetsberar for bygda. Ein sløyfe der studentar, barnefamiliar, turistar og fastbuande møtes. Fordi god sentrumsutvikling handlar eigentleg om noko ganske enkelt, og samstundes så vanskeleg: å skape stader der folk vil vere.

Spørsmålet er ikkje om Bø har potensiale, men korleis me saman kan utvikle Bø sentrum til ei inkluderande og levande møteplass der folk vil vera. 

Powered by Labrador CMS