
Kva er det eigentleg ungar gler seg til i jula?
Elevane mine har i desember skrive tekstar om kva jula tyder for dei. Dette har vore eit bestillingsverk dei har kost seg med.
Når femte trinn ved Bø skule vert invitert til julegudsteneste i Bø kyrkje, vert dei bedd om å hjelpa til med lesing av gamal og ny tekst. Ein som heiter Lukas er forfattaren av den eldgamle teksten som vert lesen kvar einaste jul, medan dei sjølvproduserte tekstane er rykande ferske, rett frå tastaturet.
Jula for meg, skreiv nokre av borna, er kram snø som knirkar under skoa når ein går. Det er snømenn som kjempar tappert om å få leva gjennom mildvêr og angrep frå store born. Det er snølykter der ei viljesterk flamme frå eit gamalt stearinljos lyser opp den tidlege kvelden. Det er ei snøborg som vernar mot snøballar og varm kakao etter slaget.
Jul og vinter heng tett saman når born skildrar denne tida av året. Leik og moro i dei kvite massane er ein gjengangar. Dei tøffaste i klassen skildrar snøskuterturar over kvite vidder, med snøføyka piskande mot hjelmen. Snøen er også til glede for arbeidskarane i klassen. Når det dalar ned, tett i tett, og det har lagt seg eit mjukt, kvitt teppe over gardar og nabolag, er det fint å finna fram traktoren med skjera og brøyta skarpe, fine brøytekantar langs vegen.
Jula er ei tid for tradisjonar. Borna skriv om den populære mandelen som kvar jul gøymer seg i risgrauten, og den sitrande gleda ein kjenner når ein etter mange varsame munnfullar finn ut at marsipangrisen er innkassert. Då er det viktig å lata som ingen ting og prøva å gøyma unna skatten til måltidet er over.
Dei gler seg til familietur i skogen for å hogga juletre, eller velja seg ut det perfekte treet frå salsboda utanfor Bøsenteret. Nokon born får hjelpa til med pynting av treet, medan andre gler seg til å vakna opp på julaftan til lukta av gran og synet av eit nytt, ljosande møbel i stova.
Mest av alt gler borna seg til å vera ilag med familien. Dei gler seg til juleferien der familietradisjonane står i kø og legg rammene for juledagane. Det er noko trygt og godt i det å ha eit program.
Ei sår kjensle er også å finna blant elevane. Kan henda det er ein tom plass ved bordet denne jula, ein bestefar som nyleg har gått bort eller eit familiemedlem som ikkje er heime. Då er det godt at ein har kvarandre.
God jol til dykk alle.