Meining:

– Kor er dei magiske orda til dei tilsette: "Kva treng de"?
Det er dårlege tider i kommunen, og økonomiansvarlege rundt om på dei ramma einingane slit med å få endane til å møtast.
Trass i store kutt i budsjetta, er det eit stort behov for å halda tilboda opne og kvaliteten på topp. Tilsette i Midt-Telemark set si ære i å gjera jobben sin skikkeleg, noko som vitnar om sjølvstendige og effektive arbeidstakarar.
Politikarar og kommuneadministrasjon bør vera takksame for å ha engasjerte og kvalitetsmedvitne menneske i arbeidsstokken sin. Me er opptekne av at tenestemottakarane våre kjenner seg ivaretekne på best mogleg måte.
Den slunkne lommeboka til Midt-Telemark kommune set dessverre stramme rammer for omfanget av tilbodet. Det er færre tilsette til å gjera jobben, og det må takast val som verkar svært brutale.
Som tenesteytar er det trist å sjå at kvaliteten på tilbodet er i ferd med å verta svekka i takt med nedskjeringane.
I skulesektoren har endringane i økonomien synt seg gradvis.
Det byrja i det små, som kutt i dagleg materialbruk, til fråvær av turar, innkjøp av bøker – og verst av alt, færre menneske.
Me har fått høyra at dette er berre starten. Lærarnorma skal ned på eit minimum, og assistentane vert oppmoda om å søkja seg bort om dei finn anna arbeid. Det er langt mellom kvar lærar, spesielt når nokon er sjuke.
Samtidig som tilboda i kommunen vert skrella ned til eit minimum, veks meiningane om kva som er viktig å ta vare på.
Det er naturleg at ein heller mot ulike løysingar, alt etter kva slags informasjon ein har tilgang til og kva rolle ein har i samfunnet. Samstundes har me alle ein jobb og ein arbeidsplass som skal fungera i kvardagen.
Arbeidsmiljø, lojalitet og tillit til leiing vert kraftig utfordra når store meiningsforskjellar berre skiljast av eitt ledd i organisasjonskartet.
Økonomimonsteret er i ferd med å ta over tilveret vår og overskyggar det me er sette til å gjera – vera gode leiarar og tenesteytarar for dei me har ansvar for.
Me må venda blikket nedover i organisasjonskartet og lytta til dei me har personalansvar for.
Det er her dei tre magiske orda vert så viktige: Kva treng du?
Desse tre små orda, sette saman som eit spørsmål, vert kalla magiske. Dei får menneske til å kjenna seg verdifulle og til å tenkja lurt og konstruktivt.
Vegen inn mot den nylege innmeldinga i ROBEK har vore lang og humpete.
Arbeidslivet har vore prega av stor uvisse blant dei tilsette, og mykje tid og pengar har gått med til rapportar og møteverksemd.
Leiarane våre har hatt blikket vendt oppover i organisasjonen og brukt mykje tid og energi på å lytta til økonomimonsteret.
No er me deltakarar i den statlege utgåva av Luksusfellen, og den økonomiske fullmakta er gjeven til statsforvaltaren.
No må me venda blikket nedover og leita gjennom skuffer og skap for å finna noko me kan kvitta oss med. Til det treng de oss. Få oss med på laget, og sjå kva det kan føra til.
Politikarar, kommuneadministrasjon og einingsleiarar: Ver lyttande, og still det magiske spørsmålet: Kva treng de? så ofte de kan.
Det treng kommunen vår no. Me treng at alle er med og sorterer i arbeidsoppgåvene og prioriterer det viktigaste.
Me er færre tilsette til å gjera jobben – la oss bruka tida vår fornuftig.