MEINING:
Kan du klare deg ei veke utan mobil?
Sju enkle grep gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre dersom det blir problem med mobil eller internett.
Har du tenkt over kor ofte du brukar nettet?
For dei aller fleste av oss er det ganske ofte. Eller meir presist, nesten heile tida.
Me handlar, finn informasjon og kommuniserer med andre på jobb, i studium og privat.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) har utvikla sju enkle råd til korleis kvar einskild kan bli betre rusta til å klare seg med periodar utan mobilnett og internett.
Uvêr, uhell og sabotasje
Noreg er blant dei mest digitaliserte landa i verda. Det er bra, og gjev mange moglegheiter for folk, næringsliv og ein moderne offentleg sektor.
Men den dagen nettet ikkje verkar, merker me det.
Det kan vere fleire årsaker til lengre utfall. Kraftig uvêr og uhell er dei vanlegaste. Me må likevel òg vere førebudde på at sabotasje kan råke kritisk infrastruktur i Noreg.
Totalforsvarsåret 2026
Noreg skal bli betre førebudd på å førebyggje og handtere alvorlege kriser og krig. Det er målet med Totalforsvarsåret 2026.
Styresmakter, fagmiljø og tenesteleverandørar jobbar kontinuerleg for at mobilnett og internett skal vere godt sikra mot åtak, ekstremvêr og andre hendingar.
Det vil likevel alltid vere ein risiko for at nettet ikkje verkar.
Derfor må òg me som innbyggjarar vere førebudde på å klare oss utan mobilnett og internett i kortare eller lengre periodar.
Her er sju råd for å bli betre førebudd dersom internett og mobilnett ikkje verkar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og Direktoratet for samfunnstryggleik:
1. Finn ut korleis kommunen informerer
Sjekk om kommunen vil etablere informasjonspunkt, eller har andre planar for å dele viktig informasjon ved større problem med mobilnett eller internett.
Mange kommunar har planar om å informere om ordningane sine under eigenberedskapsveka, som blir gjennomført i veke 44.
2. Ver ein beredskapsven
Finn ut kven du kan hjelpe, kven du kan få hjelp av og kva utstyr de kan dele. Bli einige om kvar de skal møtast dersom de ikkje får kontakt med kvarandre.
3. Skaff ein DAB-radio
Med ein DAB-radio som går på batteri, solceller eller sveiv, kan du få viktig informasjon frå styresmaktene sjølv om internett er nede og straumen blir borte.
Dei fleste bilar har òg DAB-radio.
4. Vurder abonnement med ulike mobilnett
Ha ein beredskapsven, eller nokon i omgangskrinsen din, med abonnement som brukar eit anna mobilnett enn det du har.
Då mistar ikkje alle dekninga samstundes dersom det oppstår feil i eitt av mobilnetta.
5. Lad opp batteribank og utstyr
Ha ein oppladen batteribank tilgjengeleg.
Ved fare for problem med mobilnett, internett eller straum: Lad mobiltelefon, datamaskin og anna utstyr.
Mobiltelefonen kan framleis vere nyttig, til dømes som lommelykt, eller når dekninga kjem og går.
6. Finn ut korleis du kan kommunisere over wifi
Viss mobilnettet er nede, kan du framleis ringje eller kommunisere på andre måtar over internett.
Sjekk om telefonen din støttar wifi-anrop, og korleis du slår på denne funksjonen.
Avtal med andre du kjenner kva appar de òg kan bruke til samtalar og meldingar, og sjekk at dei fungerer.
7. Sjekk om kommunen har forsterka mobilnett
Mange kommunar har basestasjonar med reservestraum i opptil tre døgn, ofte i nærleiken av kommunehus eller rådhus.
Viss du mistar mobildekninga heime, kan du dra dit, dersom det er trygt, for å få kontakt med folk.