Meining:

MEINING: Ingebjørg Strand.

– Ideen og denne nye vrien frå dei to, rosar eg

Publisert

For eit godt innlegg Helga Sætra Erikstein og Gyrid Kvaale hadde i Bø Blad 15. mai.

Problemstillinga var; Kanskje det er på tide at me tenker EIN skule i Bø, men også brukar Folkestad.

Ideen og denne nye vrien frå dei to, rosar eg! Ved å bruke begge skulane som ein samla heilheit, og samkøyrer kollegiet og administrasjonen, vil ein kunne møte framtidas oppgåver. Da slepp ein å bygge ut Bø skule, samtidig som Midt-Telemark kommune har Folkestad skule i drift med sitt genuine uteområde.

For ein god pedagogisk og samlande vri! I tillegg utnyttast begge partar sine ressursar på ein måte som personalet kan lære av og frå kvarandre.

Nevner også at desse samhandlane og pedagogiske grepa vil spare Midt-Telemark kommune for store utgifter i kroner og øre. For det å ha ein skule i begge nærmiljøa, vil skape tryggheit og forutsigbarheit. Det er lettare å bygge varige vennskap med barn frå same område, og generelt sett får foreldra ein større sjanse til å engasjere seg i barnas skulekvardag, samtidig som det å bytte miljø i perioder heller ikkje er negativt.

Powered by Labrador CMS