Torbjørn Børte:
Gullbring – vårt kulturelle gull – ein siste appell
Torbjørn Børte har eit siste innspel til Midt-Telemark kommunestyres medlemmer.
Fyrstkommande måndagskveld – 3. februar – blir ganske så avgjerande for kulturkommunen Midt-Telemark. Da skal de – 29 folkevalde kvinner og menn – ta stilling til Gullbring kulturanleggs framtid. Det er visseleg den viktigaste saka de kjem til å stemme over i heile den fireårsperioden de nett har tatt fatt på. Det gjeld, som vel dei aller fleste midttelemarkingar har fått med seg, følgjande: Skal det som blir kalla både kulturell storstove og kulturperle gå på desidert billigsal til Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SSN) eller skal kommunen – gjennom det kommunale egedomsselskapet (nå saman med «gamle» Sauherad) – framleis eige det kulturanlegget som i 25 år har hatt så mykje å seia for så mange i heile distriktet? Ein skulle tru det er eit lett val.